Johnny Red & The Prayerhouse People

EVENT INFORMATION

Dørene opnar 19:00, konsertstart 20:00.

Kven er Johnny Red & the Paryerhouse People?

Frå Jæren, kor bedehusa enno står som kvitmala, flassete pålar i det forbleste landskapet og gjev ly til bortkomne sjeler, kjem Johnny Red og hans Prayerhouse People. Evig fortapte i den amerikanske folken og med kjærleik for sørstatsmytologi, speler bandet låter om tru, død og kjærleik.
Musikken vert som oftast plassert i den vidtfamnande americana-sjangeren, men den spenner likefullt frå det heilt nedpå til fullt trøkk rock’n roll.
I november 2020 gav bandet ut sitt tredje studioalbum, «To Moritz». Albumet er dedisert jøden Moritz Rabinowitz frå Haugesund, som vart ein av dei første norske jødane som blei deportert til Tyskland under andre verdskrigen. Rabinowitz vart sparka ihel utanfor ei brakke 27. februar 1942. Ingen av etterkomarane hans overlevde Holocaust.
Albumet fekk særs gode meldingar, og vart av fleire lyfta fram som eit av dei beste norske albuma frå 2020.
«Johnny Red & The Prayerhouse People har ikke bare begått sin beste plate, men i året da alt gikk galt har de laget et av årets beste album. To Moritz har blitt et vidunderlig dobbeltalbum helt uten svake punkter, som – til tross for en tilsynelatende dyster plattform – består av låter som er både fengende, dansbare og fungerer like godt enkeltvis som en helhet. Samtidig finner du låter som får deg til å tenke, føle og gråte. Jeg tar av meg hatten for Johnny Red & The Prayerhouse People og To Moritz.» Rune Letrud, Dust of Daylight
«Når Dylan møter Cash og Cave i et veikryss på Jæren»


Restrictions

Aldersgrense 20 år

Waiver

Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysing av arrangementet.