"Hest, fest og heimlengt!" + Olav Stedje

Arrangementsinformasjon

Countrysladder med Finn Tokvam og Twang Gang. Om du trudde at countrymusikken berre var sår og trist, så har dette firkløveret sett seg føre å motbevisa det, men kanskje tek vemodet dei til slutt? 

Konseptet byrja som eit tingingsverk for Den Intellektuelle Countryfestivalen på Voss. Her skjøna dei raskt at hest ER best, og dei bestemte seg for at fleire publikumarar burde få den same oppvakninga om countrymusikkens sjel og opprinnelse. Om du likevel meiner du kan alt om countrymusikken, har du i alle fall sjeldan fått det presentert på ein slik morosam og underfundig måte. Kanskje det likevel kjem nokon avsløringar du ikkje visste frå før? Den som møter opp får sjå og høyra! 

Finn Tokvam er kjend frå både radio og TV, og er forfattar og musikar på nasjonalt nivå. I denne konserten får de oppleve han saman med landets mest hardtsvingande rockabillyband, Twang gang frå Voss. Her får du både le og grina, og forhåpentlegvis lært noko nytt.

Restriksjoner

Aldersgrense 20 år
Gjeldende smittevernsregler.

Ansvarsfraskrivelse

Ved avlyst arrangement blir solgte billetter refundert, med unntak av billettavgiften.